|
|
|||||
![]() |
|
||||
|
Estlands-nytt Estlands-nytt
Allment tidsskrift for estlandsinteresserte utgitt av Norsk-estisk forening Historie Den første vennskapsorganisasjonen for Estland i Noreg heitte Norsk-estisk kulturlag og vart skipa i 1984. Etter nokre relativt stille år fekk den kring 1990 ein stor auke i medlemstalet. På den tida gjekk det òg føre seg store endringar i estisk statsforfatning og samfunnsliv. Kulturlaget byrja då i 1991 å gje ut eit informasjons- og meldingsblad for å halda betre kontakt med medlemmene. Det fekk namnet Norsk-estisk kulturnytt (ISSN 0803-5555) og var generelt ei rik informasjonskjelde for estlandsinteresserte i Noreg, så opplaget steig fort til 1200. Då lagsstyret hausten 1993 uventa vedtok å stansa bladutgivinga, oppstod det eit tomrom i informasjonsformidlinga om Estland på norsk, som det ikkje fanst noka fullgod erstatning for. Det vart derfor helsa velkome då eit nytt tidsskrift såg dagens lys i 1996. I mellomtida hadde vennskapsorganisasjonen gjennomgått kriser og namneskifte og vorte til Norsk-estisk forening. Også tidsskriftet fekk nytt namn – Estlands-nytt (ISSN 0808-2855). Det første nummeret på 16 små sider var reprodusert med svært enkle metodar. Etter kvart vart det fleire som skreiv, sidetalet auka, og tidsskriftet vart òg meir påkosta når det galdt utstyret. Dei innleidande åra vart tidsskriftet trykt i Noreg. Så i 2002 vart trykking og utsending overført til eit trykkeri Estland som også kunne ta seg av ombrekkinga. Opplagstalet var ganske høgt til å byrja med, men etter nokre år stabiliserte det seg på 400 eksemplar. Utvalgte artikler fra Estlands-nytt Medlemmer av Norsk-estisk forening får tilsendt Estlands-nytt minst tre ganger i året. Les om medlemskap og Estlands-nytt her.
|
||||
Copyright © 1984-2010 Norsk-estisk forening og tekstforfatterne. Dersom ikke annet er angitt, kan materialet siteres eller gjengis i sin helhet med kildehenvisning. |
|||||