I februar 1987 hadde dei baltiske
sovjetrepublikkane besøk av Mikhail Gorbatsjov som var ute og gjorde
seg kjend med rikets tilstand. Ei slik interesse hadde ingen partisjef
tidlegare vist for Baltikum. I Tallinn vart det arrangert eit møte
med lokale partifolk, og der nytta formannen i forfattarforeininga,
Vladimir Beekman, høvet til å ta opp ei sak som låg alle estarar
på hjartet: planane om å utvinna fosforitt i rajonen Rakvere aust
for Tallinn i Nord-Estland. Beekman var ikkje tidlegare kjend for
å hevda oppfatningar på tvers av det Moskva ønskte. Men så har heller
ikkje noka sak i same grad greidd å sameina alle estarar.
Fosforitt er den viktigaste
fosforkjelda ved framstilling av kunstgjødsel. Det er eit råemne
som liksom oljen vil ta slutt ein dag, men i motsetning til oljen
kan det ikkje erstattast med noko anna. Dei største førekomstane
finst i USA, Nord-Afrika og Sovjet. Overslag går ut på at det i
heile verda finst 100-150 milliardar tonn. Førekomstane i Estland
kan kanskje gå opp til 7-10 % av dette; dei er dei største i Europa
og utgjer halvparten av dei kjende førekomstane i Sovjet.
Det skrantande sovjetiske jordbruket
får teknokratane til å sjå på kunstgjødsel som eit sesam-sesam.
Dess sterkare gjødsling, dess større avling, resonnerer dei. Selskapet
Eesti Fosforiit har brote fosforitt i Estland sidan 1920 i Maardu
nær Tallinn. Granskingar igangsette 1974 førte til oppdaginga av
dei enorme førekomstane lenger aust, og samtidig med dette vart
kontrollen med fosforittutvinninga overført frå estiske til sentrale
organ i Moskva. Det betyr at Estland på nåde og unåde er overgitt
til koloniherren og hans eksploaterande interesser.
Ülo Ignats er sjølv eksilestar
i andre generasjon. Han arbeider som journalist og forfattar, og
vil nok vera kjend for mange som ein uforsonleg kritikarar av sovjetsystemet.
Han legg stor vekt på dokumenteringa, og bøkene hans er gjerne rikeleg
utstyrte med notar og tilvisingar. Han har mellom anna samla materiale
frå ni estiske periodiske publikasjonar, av dei er åtte utgitt i
sovjetrepublikken. Fosforitbrytningen i Estland gir ei svært allsidig
og godt underbygd innføring i problemkomplekset. Det har ikkje vore
nødvendig å overdriva; saka er alvorleg nok i seg sjølv.
Utvinning vil bety å ofra eit
stort areal av den mest fruktbare jorda i Estland. Fosforitten ligg
15-60 meter under jordflata og kan gå ned til 250 meters djup. Enorme
mengder vatn må pumpast bort, det inneber ei senking av grunnvatn-nivået
med verknader opp til 100 kilometer borte. Samtidig vil vatnet bli
forgifta av dei kjemiske stoffa som blir frigjorde i utvinningsprosessen.
Tomme eller forgifta brønnar vil gjera det nødvendig å byggja ut
ei vassforsyning for titusenvis av menneske basert på vasslevering
per tankbil, noko som sjølvsagt ikkje løyser problemet med dei uttørka
åkrane. Visjonane av eit framtidig månelandskap er meir enn ein
vond draum, det er det som vil bli eit faktum.
Ein type alunskifer (om eg med
mine mangelfulle metallurgiske kunnskapar har forstått rett) dekkjer
fosforitten. Når den blir avdekt og kjem i kontakt med lufta, blir
det sett i gang kjemiske prosessar som kan føra til sjølvtenning.
Ved desse brannane blir det frigjort fleire farlege stoff som blandar
seg med lufta og vatnet. Fenomenet er kjent frå Maardu der helsetilstanden
for folk kring fosforittbrottet påviseleg er dårlegare enn elles
i landet. I Rakvere-området inneheld alunskiferen stoff som gjer
han endå meir brennbar - og endå miljøfarlegare.
Årsmøtet i den estiske forfattarforeininga
28. november 1986 markerte innleiinga til motstanden mot utvinningsplanane.
Velartikulerte forfattarar tok opp kampen, og heile folket slutta
seg til. I stor grad er det snakk om fordelinga av avgjerdsmakt
mellom Moskva og delrepublikkane. Ein modell i arbeidet er aksjonen
mot planane om å venda elvane i Sibir. Den vart eit utslag av fedrelandskjærleik
fordi russarar var aktive der. For estarane er dei to prosjekta
kommensurable, og dei vil ikkje la seg avvisa som egoistiske nasjonalistar.
Sjølvsagt gjeld det landet deira, det gjeld eksistensgrunnlaget
i Estland. Slikt må det vera legitimt å forsvara. I sin vidaste
konsekvens vil fosforittutvinninga i Estland gjennom forureinsingane
berøra heile Austersjø-området. Det er derfor noko meir enn ei indre
sak for Sovjet. Fosforitbrytningen i Estland er eit viktig skrift
som bør spreiast og lesast. Vi har alle ansvar for jordkloten, vi
kan ikkje sitja roleg og la eit slikt prosjekt realiserast. Moskva
vil ta endeleg avgjerd i 1990. Vi må gjera vårt for å reisa ein
opinion, og det hastar.