I lovs form innførde Estland
våren 1998 utegangsforbod om natta for ungdom under 16 år utan følgje
av vaksne. Dette var ein del av kampen mot aukande kriminalitet blant
dei yngste, seinare frå offisielt hald presisert som eit preventivt
tiltak for å hindra at dei unge skulle bli offer for brotsverk.
Oppbrotet frå ei sammfunnsform
skaper for mange fattigdom og uvisse med brutaliserande effekt. Tilnærminga
til mildare haldningar og eit mjukare samfunn har likevel kome i gang.
Estland er eitt av dei seks landa som 31. mars 1998 innleier forhandlingar
om EU-medlemskap. Blant dei siste forhandlingsførebuingane var avskaffinga
av dødsstraff. Det skjedde ved fleirtal i nasjonalforsamlinga 18.
mars, mot eit klart folkefleirtal. Forhandlingsinvitasjonen er ei
belønning for politikken som er førd og framstega som er gjorde etter
frigjeringa frå Sovjet.
Boka Return to the Western
World fører bevis for at Estland alltid har vore knytt til Vest-Europa
og heldt fast ved vesteuropeiske verdiar til og med under presset
av langvarig okkupasjon. Samtidig er det spesielt ein dokumentasjon
av endringane i perioden 1987-97. I den forstand har boka ei klår
oppgåve: å forsyne nordiske og vesteuropeiske lesarar med bakgrunnsmateriale
om det EU-kvalifiserte Estland.
Innleiing og oppsummering medrekna
tel boka 15 artiklar ordna i fem delar. Artikkelforfattarane er alle
saman historikarar og sosiologar, dei fleste professorar - seks estarar,
tre svenskar og ein finne - som alle saman får overbevisande presentasjonar
i boka. Over heile lina er det tale om solide, seriøse forskarar.
Professorane Karl Erik Rosengren
og Lennart Weibull gjer i ei kort innleiing greie for forskningsprosjekta
bak boka. Deretter følgjer teoretisk og historisk bakgrunn. Første
del gir ei innføring i sosiologisk tenking og metode. I andre del
rissar Helmut Piirimäe opp estisk historie med særleg vekt på nordisk
grannanekontakt. Marju Lauristin følgjer opp med det aller ferskaste:
utviklinga i tiårsperioden 1987-97. For verda utanfor var det mystisk
at ein kunne gjera revolusjon og vinna sjølvstende ved song. Dette
er kanskje det mest spennande kapitlet i heile boka, skrive av ei
som sjølv stod midt i hendingane, men med eit skarpt intellekt som
skaper klårleik i stoffet og delvis avmystifiserer hendingane.
Tredje del av boka talar om "nasjonale
rom". Peeter Vihalemm drøftar i den første artikkelen sosiale, kulturelle
og politiske "rom". Alternativa lyder: integrasjon med Vesten eller
leva i skuggen av Russland. At integrasjonen er i gang, blir fyldig
dokumentert. Avslutningsvis stiller Vihalemm opp det nordisk-baltiske
området som ein naturleg region i eit nytt Europa. I denne samanhengen
er Europa lik EU. Dei to andre artiklane i avdelinga ser verda og
Estland frå svensk og finsk perspektiv.
Fjerde del gir ein oversikt over
utviklinga av den politiske kulturen i Estland og dreg som eit paralellspor
opp medieutviklinga. Presse, radio og fjernsyn var noko av det som
endra seg raskast - frå å ha vore politisk ufrie til å bli økonomisk
avhengige. Dei alvorlege prinsipielle spørsmåla gjeld korleis ein
kan sikra det frie ordet i eit samfunn med så små materielle ressursar.
Overraskande og interessant er artikkelen der Estland og Uruguay blir
samanlikna med Sverige. Ei samanlikning er meiningsfull berre om det
finst felles faktorar. Her er utgangspunktet tre demokratiske statar,
ein gammal og to unge.
I den avsluttande femte delen
blir verdioppfatningar granska og samanlikna. Verdisynet er ein faktor
som skifter meir i geografisk-regionalt enn i historisk perspektiv.
I samanfatning kan ein seia at estlandsrussarane, overflytta frå sin
eigen slavisk-bysantiske bakgrunn til den estiske regionen, gradvis
tek opp eit estisk verdisyn som på si side har stort samsvar med det
vesteuropeiske.
Artiklane er rikt utstyrde med
tabellar. Statistisk tabellmateriale utgjer dessutan ein serie tillegg
på til saman ca. 50 sider av boka. Litteraturlista på 25 sider tek
naturleg nok med bøker og artiklar på estisk og streif inn på finsk,
men hovudsakleg kjelder på språk som er tilgjengelege for nordbuar:
svensk, dansk, norsk, engelsk og tysk. Sjølvsagt er registeret på
plass. I det heile er det eit uvanleg velorganisert og oversiktleg
bokverk ein får i hendene, lettlese trass i den vitskaplege tilnærminga
til emnet. Ein sit igjen med eit overtydande inntrykk av stabilitet
og positiv utvikling. Boka fyller dei rammene redaktørane har stilt
opp. Det er alt i alt eit vellykka prosjekt som tek bort lysta til
å koma med smålege innvendingar om at det eine eller andre temaet
har fått for lita eller inga dekning. Kvar bok må nå fram til sitt
siste punktum.
Omslaget fortener spesiell omtale.
Framsida er eit utsnitt av målarstykket "Jonas" av kunstnaren Jüri
Arrak. Mellom himmel og hav viser det hovudet av ein stor raud fisk
med sylskarpe tenner. I fiskegapet ser ein overkroppen og hovudet
av ein mann. Han strekkjer hendene ut for seg. Er han i ferd med å
bli slukt eller spydd ut?
Det er ingen tvil. Det ligg i
korta - Return to the Western World - at detaljen viser Jonas
på veg ut av mørkret og trengslene i Sovjets buk. Og detaljen på baksida?
Er det Ninive eller Brussel som ligg der i stråleglans?
Omtalt av Turid
Farbregd.
Bokmeldaren er statsstipendiat med estisk og finsk språk og kultur
som arbeidsfelt.