Bokanmeldelse:


Ülo Ignats:

Fosforibrytningen i Estland - ett hot mot livsmiljön i Estland och i Östersjön.

MH Publishing: Göteborg 1988.

I februar 1987 hadde dei baltiske sovjetrepublikkane besøk av Mikhail Gorbatsjov som var ute og gjorde seg kjend med rikets tilstand. Ei slik interesse hadde ingen partisjef tidlegare vist for Baltikum. I Tallinn vart det arrangert eit møte med lokale partifolk, og der nytta formannen i forfattarforeininga, Vladimir Beekman, høvet til å ta opp ei sak som låg alle estarar på hjartet: planane om å utvinna fosforitt i rajonen Rakvere aust for Tallinn i Nord-Estland. Beekman var ikkje tidlegare kjend for å hevda oppfatningar på tvers av det Moskva ønskte. Men så har heller ikkje noka sak i same grad greidd å sameina alle estarar.

Fosforitt er den viktigaste fosforkjelda ved framstilling av kunstgjødsel. Det er eit råemne som liksom oljen vil ta slutt ein dag, men i motsetning til oljen kan det ikkje erstattast med noko anna. Dei største førekomstane finst i USA, Nord-Afrika og Sovjet. Overslag går ut på at det i heile verda finst 100-150 milliardar tonn. Førekomstane i Estland kan kanskje gå opp til 7-10 % av dette; dei er dei største i Europa og utgjer halvparten av dei kjende førekomstane i Sovjet.

Det skrantande sovjetiske jordbruket får teknokratane til å sjå på kunstgjødsel som eit sesam-sesam. Dess sterkare gjødsling, dess større avling, resonnerer dei. Selskapet Eesti Fosforiit har brote fosforitt i Estland sidan 1920 i Maardu nær Tallinn. Granskingar igangsette 1974 førte til oppdaginga av dei enorme førekomstane lenger aust, og samtidig med dette vart kontrollen med fosforittutvinninga overført frå estiske til sentrale organ i Moskva. Det betyr at Estland på nåde og unåde er overgitt til koloniherren og hans eksploaterande interesser.

Ülo Ignats er sjølv eksilestar i andre generasjon. Han arbeider som journalist og forfattar, og vil nok vera kjend for mange som ein uforsonleg kritikarar av sovjetsystemet. Han legg stor vekt på dokumenteringa, og bøkene hans er gjerne rikeleg utstyrte med notar og tilvisingar. Han har mellom anna samla materiale frå ni estiske periodiske publikasjonar, av dei er åtte utgitt i sovjetrepublikken. Fosforitbrytningen i Estland gir ei svært allsidig og godt underbygd innføring i problemkomplekset. Det har ikkje vore nødvendig å overdriva; saka er alvorleg nok i seg sjølv.

Utvinning vil bety å ofra eit stort areal av den mest fruktbare jorda i Estland. Fosforitten ligg 15-60 meter under jordflata og kan gå ned til 250 meters djup. Enorme mengder vatn må pumpast bort, det inneber ei senking av grunnvatn-nivået med verknader opp til 100 kilometer borte. Samtidig vil vatnet bli forgifta av dei kjemiske stoffa som blir frigjorde i utvinningsprosessen. Tomme eller forgifta brønnar vil gjera det nødvendig å byggja ut ei vassforsyning for titusenvis av menneske basert på vasslevering per tankbil, noko som sjølvsagt ikkje løyser problemet med dei uttørka åkrane. Visjonane av eit framtidig månelandskap er meir enn ein vond draum, det er det som vil bli eit faktum.

Ein type alunskifer (om eg med mine mangelfulle metallurgiske kunnskapar har forstått rett) dekkjer fosforitten. Når den blir avdekt og kjem i kontakt med lufta, blir det sett i gang kjemiske prosessar som kan føra til sjølvtenning. Ved desse brannane blir det frigjort fleire farlege stoff som blandar seg med lufta og vatnet. Fenomenet er kjent frå Maardu der helsetilstanden for folk kring fosforittbrottet påviseleg er dårlegare enn elles i landet. I Rakvere-området inneheld alunskiferen stoff som gjer han endå meir brennbar - og endå miljøfarlegare.

Årsmøtet i den estiske forfattarforeininga 28. november 1986 markerte innleiinga til motstanden mot utvinningsplanane. Velartikulerte forfattarar tok opp kampen, og heile folket slutta seg til. I stor grad er det snakk om fordelinga av avgjerdsmakt mellom Moskva og delrepublikkane. Ein modell i arbeidet er aksjonen mot planane om å venda elvane i Sibir. Den vart eit utslag av fedrelandskjærleik fordi russarar var aktive der. For estarane er dei to prosjekta kommensurable, og dei vil ikkje la seg avvisa som egoistiske nasjonalistar. Sjølvsagt gjeld det landet deira, det gjeld eksistensgrunnlaget i Estland. Slikt må det vera legitimt å forsvara. I sin vidaste konsekvens vil fosforittutvinninga i Estland gjennom forureinsingane berøra heile Austersjø-området. Det er derfor noko meir enn ei indre sak for Sovjet. Fosforitbrytningen i Estland er eit viktig skrift som bør spreiast og lesast. Vi har alle ansvar for jordkloten, vi kan ikkje sitja roleg og la eit slikt prosjekt realiserast. Moskva vil ta endeleg avgjerd i 1990. Vi må gjera vårt for å reisa ein opinion, og det hastar.

Omtalt av Turid Farbregd.

Bokmeldaren er statsstipendiat med estisk og finsk språk og kultur som arbeidsfelt.

Bokomtalen ble først trykt i "Nordisk Øst-Forum. Kultur og samfunn i Sovjetunionen og Øst-Europa". Nr 2, 1988, side 83-84.