Bokanmeldelse:


Marju Lauristin & Peeter Vihalemm with Karl Erik Rosengren & Lennart Weibull (ed.):

Return to the Western World. Cultural and Political Perspectives on the Estonian Post-Communist Transition.


Tartu University Press: Tartu 1997. 389 sider. ISBN 9985-56-257-7

I lovs form innførde Estland våren 1998 utegangsforbod om natta for ungdom under 16 år utan følgje av vaksne. Dette var ein del av kampen mot aukande kriminalitet blant dei yngste, seinare frå offisielt hald presisert som eit preventivt tiltak for å hindra at dei unge skulle bli offer for brotsverk.

Oppbrotet frå ei sammfunnsform skaper for mange fattigdom og uvisse med brutaliserande effekt. Tilnærminga til mildare haldningar og eit mjukare samfunn har likevel kome i gang. Estland er eitt av dei seks landa som 31. mars 1998 innleier forhandlingar om EU-medlemskap. Blant dei siste forhandlingsførebuingane var avskaffinga av dødsstraff. Det skjedde ved fleirtal i nasjonalforsamlinga 18. mars, mot eit klart folkefleirtal. Forhandlingsinvitasjonen er ei belønning for politikken som er førd og framstega som er gjorde etter frigjeringa frå Sovjet.

Boka Return to the Western World fører bevis for at Estland alltid har vore knytt til Vest-Europa og heldt fast ved vesteuropeiske verdiar til og med under presset av langvarig okkupasjon. Samtidig er det spesielt ein dokumentasjon av endringane i perioden 1987-97. I den forstand har boka ei klår oppgåve: å forsyne nordiske og vesteuropeiske lesarar med bakgrunnsmateriale om det EU-kvalifiserte Estland.

Innleiing og oppsummering medrekna tel boka 15 artiklar ordna i fem delar. Artikkelforfattarane er alle saman historikarar og sosiologar, dei fleste professorar - seks estarar, tre svenskar og ein finne - som alle saman får overbevisande presentasjonar i boka. Over heile lina er det tale om solide, seriøse forskarar.

Professorane Karl Erik Rosengren og Lennart Weibull gjer i ei kort innleiing greie for forskningsprosjekta bak boka. Deretter følgjer teoretisk og historisk bakgrunn. Første del gir ei innføring i sosiologisk tenking og metode. I andre del rissar Helmut Piirimäe opp estisk historie med særleg vekt på nordisk grannanekontakt. Marju Lauristin følgjer opp med det aller ferskaste: utviklinga i tiårsperioden 1987-97. For verda utanfor var det mystisk at ein kunne gjera revolusjon og vinna sjølvstende ved song. Dette er kanskje det mest spennande kapitlet i heile boka, skrive av ei som sjølv stod midt i hendingane, men med eit skarpt intellekt som skaper klårleik i stoffet og delvis avmystifiserer hendingane.

Tredje del av boka talar om "nasjonale rom". Peeter Vihalemm drøftar i den første artikkelen sosiale, kulturelle og politiske "rom". Alternativa lyder: integrasjon med Vesten eller leva i skuggen av Russland. At integrasjonen er i gang, blir fyldig dokumentert. Avslutningsvis stiller Vihalemm opp det nordisk-baltiske området som ein naturleg region i eit nytt Europa. I denne samanhengen er Europa lik EU. Dei to andre artiklane i avdelinga ser verda og Estland frå svensk og finsk perspektiv.

Fjerde del gir ein oversikt over utviklinga av den politiske kulturen i Estland og dreg som eit paralellspor opp medieutviklinga. Presse, radio og fjernsyn var noko av det som endra seg raskast - frå å ha vore politisk ufrie til å bli økonomisk avhengige. Dei alvorlege prinsipielle spørsmåla gjeld korleis ein kan sikra det frie ordet i eit samfunn med så små materielle ressursar. Overraskande og interessant er artikkelen der Estland og Uruguay blir samanlikna med Sverige. Ei samanlikning er meiningsfull berre om det finst felles faktorar. Her er utgangspunktet tre demokratiske statar, ein gammal og to unge.

I den avsluttande femte delen blir verdioppfatningar granska og samanlikna. Verdisynet er ein faktor som skifter meir i geografisk-regionalt enn i historisk perspektiv. I samanfatning kan ein seia at estlandsrussarane, overflytta frå sin eigen slavisk-bysantiske bakgrunn til den estiske regionen, gradvis tek opp eit estisk verdisyn som på si side har stort samsvar med det vesteuropeiske.

Artiklane er rikt utstyrde med tabellar. Statistisk tabellmateriale utgjer dessutan ein serie tillegg på til saman ca. 50 sider av boka. Litteraturlista på 25 sider tek naturleg nok med bøker og artiklar på estisk og streif inn på finsk, men hovudsakleg kjelder på språk som er tilgjengelege for nordbuar: svensk, dansk, norsk, engelsk og tysk. Sjølvsagt er registeret på plass. I det heile er det eit uvanleg velorganisert og oversiktleg bokverk ein får i hendene, lettlese trass i den vitskaplege tilnærminga til emnet. Ein sit igjen med eit overtydande inntrykk av stabilitet og positiv utvikling. Boka fyller dei rammene redaktørane har stilt opp. Det er alt i alt eit vellykka prosjekt som tek bort lysta til å koma med smålege innvendingar om at det eine eller andre temaet har fått for lita eller inga dekning. Kvar bok må nå fram til sitt siste punktum.

Omslaget fortener spesiell omtale. Framsida er eit utsnitt av målarstykket "Jonas" av kunstnaren Jüri Arrak. Mellom himmel og hav viser det hovudet av ein stor raud fisk med sylskarpe tenner. I fiskegapet ser ein overkroppen og hovudet av ein mann. Han strekkjer hendene ut for seg. Er han i ferd med å bli slukt eller spydd ut?

Det er ingen tvil. Det ligg i korta - Return to the Western World - at detaljen viser Jonas på veg ut av mørkret og trengslene i Sovjets buk. Og detaljen på baksida? Er det Ninive eller Brussel som ligg der i stråleglans?

Omtalt av Turid Farbregd.

Bokmeldaren er statsstipendiat med estisk og finsk språk og kultur som arbeidsfelt.

Bokomtalen ble først trykt i "Nordisk Øst-Forum. Kultur og samfunn i Sovjetunionen og Øst-Europa". Nr 2, 1998, side 78-79.