Karl Ristikivi:
Firfisla sine spor

Også firfisla set spor over steinen
sjølv om ikkje vi ser dei.
Kvar tanke som kjem og kverv
blir einstad att.
Det du smilande gav
kan eingong ta slutt,
men smilen blir att.
Gleda du ikkje forstod å fange
den ventar i all æve.
Jamvel dei usagde orda
er sagde i tankane
og tatt vare på ein stad.
Korleis kan elles våre korte dagar
fylle tida sine botnlause bingar.
Korleis maktar elles ein einaste augneblink
å velte steinen til side.

Den som lite er gitt
han ber det i hjartet.
Den som mykje har fått
spiller det alt på marka.

Alle vegars lengd i tid er eins.

Gjendikta av Turid Farbregd