Marie Under:
Det fall ei stjerne

Skamlaust ny den gamle månen står —
mens alt eg hadde — ja, alle ting forgår!

Åh, du min tapte by, min tapte by —
til deg eg søkjer, ver du alltid min på ny.

Finst her ein plass, og kvar er vegen lagd
for den som med det umulige har ei pakt?

Er allting myte, skugge — billeg jugl?
Då song i strupen min ein fager fugl.

Og no fall ei stjerne, hjartet brenn som eld.
Kva finst her meir for meg enn mold og kveld?

Famling utan feste? Nei, ikkje berre natt.
Noko viktig ventar — dauden har eg att.

Gjendikta av Turid Farbregd