Estlands-nytt 1–2, januar 2003

Julefeiring og juleskikkar

Av Kristian Bergøy

Gammaldags jul
Julematen
Juletreet og julenissen
Julepost


Sovjetregimet gjorde alt det kunne for å få bukt med jula. I fleire tiår måtte estarane halde jul meir eller mindre skjult. I 1950-åra kunne det få alvorlege konsekvensar om ein blei tatt på fersken i ferd med å markere ei religiøs høgtid. Lærarane vart utkommanderte som vakter ved kyrkjedørene for å passe på at ikkje elevane sneik seg inn. Under Bresjnevs stagnasjonsperiode i 1970- og 1980-åra var det ikkje lenger direkte farleg å feire jul, men anbefalt blei det så absolutt ikkje.

Rødt er for oss stemningsskapar, gladfargen som viser igjen. Aldri ser vi så mye rødt som i jula. For estarane betydde rødt Sovjet, sosialisme, okkupasjon og undertrykking. Då jula etter kvart vende tilbake som ei stor høgtid, var det grønt og gull som dominerte. No har det gått så lang tid at rødfargen får innpass. Det ville vore temmeleg umulig å halde den ute, for julekommersialismen er internasjonal. Estland har vald marknadsøkonomi og får ta den røde konsekvensen av det.

Ofte blir det understreka at jula er ein familiefest. Folk feira så godt dei kunne i løynd, rigga opp eit juletre, åt julemat, gav kvarandre julepresangar osv. Husmødrene fekk til underverk når det galdt å skaffe det som trongst til eit tradisjonelt julaftansmåltid på det som oftast var ein heilt vanleg kvardag. Kyrkjene blei også flittig besøkte, ikkje bare av religiøse årsaker, men også som ein politisk protest. Ettersom mange kyrkjer var øydelagde eller tatt i bruk til museum o.l., oppstod det under okkupasjonen akutt kyrkjemangel i jula slik at i byane var det vanleg med fleire gudstenester etter kvarandre for å gi plass til flest mulig.

Julefeiringa gjekk for seg i heimane, gjerne med gardinene trekte tett for. Store utskeiingar var det ikkje tale om, blant anna fordi neste dag normalt var skoledag for barna og arbeidsdag for foreldra. Under Gorbatsjov blei forholda friare, og i 1987 blei jula feira heilt openlyst. Allereie året etter blei det innført ein offisiell fridag i samband med denne største høgtida i kyrkjeåret.

No er alt normalisert med juletre, nissar, englar, lys osv. alle stader. Normalisert også på den måten at kyrkjebesøket er på veg nedover igjen. Faktisk undrar ein seg ikkje over dette om ein t.d. opplevde hovudgudstenesta i Kaarli kirik i Tallinn no på julaftan 2002 der sjølvaeste erkebiskop Jaan Kiivit preika. Noko så drepande kjedeleg skulle ein ikkje tru det var mulig å servere for moderne menneske. Presidenten var til stades. Fjernsynet likeså. Kamerafolka foreviga gamle menneske som ein kunne tenkje seg hadde opplevd litt av kvart og derfor heldt ut dette også. Dei sat med gledeslause uttrykk endå om Guds son var komen med frelse, og dei barna som hadde sloppe inn, geispa så kjeften nesten revna. Dei har full forståing frå vår side.

Gammaldags jul

Dei gamle juletradisjonane gjekk tilbake til den estiske landsbygda og bondekulturen. Jula markerte vendepunktet då det begynte å gå mot lysare tider igjen. Det var eit tidspunkt verd å markere ganske ettertrykkeleg. Det heile begynte toomapäev (tomasmesse) 21. desember då alt skulle vere reint. Det typiske estiske bondehuset (rehielamu) var ganske stort, men den største delen var utan oppvarming og tente som redskapsskjul o.a. Bare i den eine enden av den lange bygningen var det røykstue og kammers for bonden og familien hans. Dei gamle husa var temmeleg sotete, så det gjorde sikkert godt å skrubbe skikkelig både her og der.

Eit symbol på møkka som skulle ut, var halmdokka Tahma-Toomas (Sot-Tomas) som kunne vere i nesten naturleg storleik. Dokka blei laga i ei av bondestuene og gjømt hos ein av naboane i grenda. Når naboen fant dokka, gjømte han den like eins i eitt av bondehusa. Det var som eit slag svarteperspel for vaksne. Tapt hadde den som nyttårsdagen fann Sot-Tomas på garden sin. Huset hans kom resten av året til å vere det skitnaste i heile grenda, same kor flittige gardsfolket var med skurekosten.

På julaftan skulle ein gå i julesauna mens det enno var litt dagslys. I den halvmørke saunaen heldt julegåsa til. Den nappa etter barna med den treete nebben. Vanlegvis var det eit kvinnfolk frå nabogarden i rolla som julegås og med eit par trestykke til nebb så ho kunne knipe litt borti nokre av dei som ikkje passa seg.

Det var viktig at det framleis var varmt i saunaen når badinga var slutt, og at det stod vaskevatn klar. Når menneska gjekk, overtok nemleg dei døde som til visse tider vende tilbake til dei tidligare bustadene sine. Dei visste å verdsette eit skikkelig laug. Og dei kom også inn i stua. Det var på grunn av desse åndene at menneska julenatta sov i halmen på golvet. Dermed var alle sengene ledige for dei heimvende avdøde. Bordet stod dekka heile julenatta så dei døde kunne få noko å ete. Rundt omkring i stua hang det uroer av halm der åndene til dei døde kunne sitte og gynge.

Julekvelden og førstedag var ei tid for oppbygging. Det blei lese i Bibelen, folk song salmer. Den einaste staden det sømde seg å gå, var i julekyrkja der det var gudsteneste både julekvelden, førstedags morgen, andredagen og tredjedagen. Dei to første var dei viktigaste. Til kyrkja drog alle i finkleda sine. Sjølv om det var kort veg, drog alle med hest så sant dei hadde noko å spenne for sleden. Somme stader gjorde hestekaren ein kross med venstre foten framfor den forspente hesten, andre stader med eit stykke kol i botnen av sleden. Dette var til vern mot vonde makter. Til kyrkja kjørte alle stille og verdig, men heim igjen gjekk det så det skrall i dombjøllene, for den første heime i grenda kom til å få den beste avlinga til sommaren.

Blant julegjestene var det også utkledde menn/gutar og kvinner/jenter som drog frå gard til gard. Svært vanleg var det å kle seg ut som dyr, og då var jõulusokk (julebukken) mest populær. Somme viser til dei bukkane guden Tor kjørte med og meiner skikken var av nordisk heidensk opphav. Det skal vi ikkje uttale oss om her; i staden rår vi deg til å lese Olav Bøs bok Vår norske jul, 1974. Vi nemner også at det å kle seg ut som bukk i jula var godt kjent blant kviterussarane. I Estland kunne skikken vere den at ein mann utkledd som bukk kom til gards med eit ris i beltet. Han hørte barna i lesing og annan lærdom. Bukken var vanskeleg å tekkast og måtte underhaldast med dikt og godbitar. Ein fornøgd julebukk kunne gi små gåver til barna og betydde lykke for heile huset.

Julematen

Noko av det viktigaste med jula var maten. For folk som levde i fattige forhold, var jula eit sjeldant høve til verkeleg å godgjøre seg. Til kvardags drakk folk vatn, til jul hadde alle øl. Til kvardags var det brød og graut, i jula var det pølse og kjøttmat. Til kvardags var det nok bare av dei grunnleggande matvarene som brød og poteter. Den beste maten blei ved bordet delt ut av husbonden eller av matmor, og det skjedde ikkje etter demokratiske prinsipp. Kjøtt var så pass kostbart for vanlege folk at det blei skore i tynne skiver eller små stykke og gitt helst til menn med tungt arbeid. Barna var for det meste bare tilskuarar når kjøttbitane blei utdelte. Men i jula var det ein annan dans. Då bogna matbordet av godsaker, og ingen nekta nokon å forsyne seg ein gong til. Kor fantastisk dette var, kan kanskje bare den forstå som vanlegvis får ete tilstrekkeleg, men aldri ete seg riktig mett.

For dei fleste estarane er blodpølsa det aller viktigaste på julebordet. (Kanskje lesarane kan hjelpe oss med oppskrifta til eit seinare nummer?) Frå øya Muhu seier rett nok tradisjonen at øybuarane ikkje var blodtørste og derfor nøyde seg med grynpølse. Også andre typar pølse blei laga anten i staden for eller i tillegg til blodpølsa. Det galt å ta vare på grisetarmane så ein hadde noko å lage pølse av. Ettersom ein ikkje fekk tak i tarmane utan å slakte grisen, så var det gjerne litt grisekjøtt på matbordet. Labbar, hovud og anna blei til sylte, noko som den dag i dag skal stå på eit estisk festbord. Den er også prøvesteinen og ein viktig målestokk for kor flink matmor er som kokk. Kan ho lage ordentleg sylte?

Juletreet og julenissen

Juletreet (jõulupuu) skal ha kome frå Tyskland. Via den baltisktyske adelen kom juletreet til Estland midt på 1800-talet. På dei store herregårdane blei det feira jul etter tysk mønster med julegran i storsalen. Det var vanleg at barna til godsfolket og tenarane vart inviterte; dei kunne bli slepte heilt inn i salen der dei song for godsfrua. Etter song og deklamering delte godsfrua ut gåver og søtsaker til barna. Men størst inntrykk på barnesinnet gjorde sikkert det pynta treet med glitter og lys. For å glede barna begynte bøndene også å hente heim juletre frå skogen. Til å begynne med blei det ofte hengd opp i taket, for golvet var jo dekt med fersk halm. Ei seinare oppfinning var det å bore eit hol i benken og sette juletreet der. Til slutt sigra juletrefoten som gav mange utvegar til plasssering. Og juletreet fekk stå til nuudipäev 7. januar, dvs. minnedagen for den danske St. Knud som, etter det Olav Bø fortel, har fungert som juleavslutningsdag over heile det nordiske området.

Også julenissen (jõuluvana) kom til Estland via baltisktyskarane. Den gjorde inntoget sitt i byane eingong på 1800-talet. Det skulle gå hundre år eller meir før han fekk den røde genseren og den vennlege framtoninga. Til å begynne med budde ikkje julenissen nokon bestemt stad, men alle visste at han kom nordfrå. Den amerikanske nissen bur som kjent på Nordpolen og der heldt like eins den russiske frostnissen til. I våre dagar har den finske propagandaen vore så effektiv at estiske barn veit at nissen heilt sikkert bur på Korvatunturi i finsk Lappland. I sovjetperioden kom det mye ettertrakta jordisk gods frå Finland. Kvar finne med venner sør for Finskevika var som ein julenisse kvar gong han kom på besøk til dei som stort sett mangla alt. Å plotte inn nissen på det finske kartet har derfor ikkje vore noko problem. For estiske barn kjem nissen til å bu på Korvatunturi så lenge det er eit godt forhold mellom Finland og Estland.

Nissen deler ikkje ut presangar utan motyting. Det er heller ikkje nok å vere snill heile året. I den avgjørande stunda under gåveutdelinga må ein vere klar til å synge ein song, lese eit dikt, stå på hovudet eller kva som helst som krev litt innsats. Sååå får ein presangen og kan med god grunn syns at ein har fortent den.

Julepost

Gamle julekort var romantiske med idylliske julemotiv, lykkelege familiar, glade barn, blide englar, glitter og stas. Men sovjetregimet kjende ikkje fenomenet julepost. Ikkje var det eigentlege julekort å få kjøpt heller. Det var naturleg nok når det ikkje var jul! Nyttår hadde ein derimot lov til å feire openlyst, offisielt og i stor stil, det var akseptert av Moskva. Nyttårskort kunne bli julekort om ein sende dei tidleg nok. Bortsett frå englar og bibelord var det ikkje alltid så stor skilnad. Vakre vinterlandskap kunne vere gode nyttårskortmotiv. Og alltid hadde ein den utvegen at ein kunne lage korta sine sjølv. T.d. grafikarar og andre kunstnarar laga gjerne så vakre kort at dei heng inneramma rundt omkring i heimane.

No har eit sjølvstendig estisk folk kunna feire jul temmeleg uhemma i fleire år, og dette gir seg mange utslag. Juleposten har vakse seg voluminøs. Men postverket har kapasitet til meir og har prøvd å stimulere til flittigare kortsending ved å innføre spesialtakstar i desember. Frimerke med julemotiv kom no i verdiane 3,60 for innanlands julehelsing og 6,50 som er taksten for normal post til europeiske land. Motiva var eit kvitt lam i snøver med stor rød sløyfe om halsen, og ei lita gran med snø på greinene. I fjor galdt den vennlege ordninga med lågare portotakstar i tidsrommet 16.–31. desember. Julaftan fell på same dato i Baltikum som andre stader, så det får vel vere grenser, meiner kan hende lesaren.

Vi skal ikkje glømme at det er to kulturar i Estland. Billigare porto skulle ikkje bare tilfredsstille estarane som på den måten fekk rabatt på juleposten sin. Russarane har lange tradisjonar for nyttårsfeiringa, og dei blir ikkje diskriminerte. Eller blei dei diskriminerte likevel i dette stykket? Når estarane talde opp sende og mottatte julekort og fann ut kven dei hadde glømt i første omgang, så rakk dei framleis å sende nyttårskort til redusert pris. Russarane derimot kunne ikkje gjøre opp status for korta sine før portoen hadde gått opp igjen.

Teksten her blei skriven før vi fekk vite at Ants Viires på seinhausten gav ut ei bok med tittelen Meie jõulude lugu (Historia om jula vår). Boka blei i november av Kultuurkapital premiert med ein pris på 10 000 EEK. Vi gratulerer! Når vi har skaffa oss boka, kan vi avgjøre om vi skal ta opp juletemaet på nytt i eit seinare nummer.