Estlands-nytt 1–2, januar 2003

Husflid:
Telemark Husflidlag i Estland

Av Kari Moen

Estlands-nytt etterspurte spalte om estisk husflid blir innledet med en rapport fra en reise tilrettelagt for spesielt interesserte. I neste nummer vil Kari Moen gå nærmere inn på selve husfliden. (red.)


Vi drog i mai og kom tilbake i juni. Turen gikk til Tallinn, Otepää, Värska i Setumaa i Estland, Aluksne og Riga i Latvia – heim igjen om Pärnu, Heimtali, Viljandi og Paldiski. 45 husflidsinteresserte kvinner og menn drog med buss gjennom Sverige og kom med båt til Tallinn tidleg på føremiddagen.

På kaia ønskte Kai Koivimaa oss velkomne med folkesongar. Ho hadde studert song og musikk i Oslo og snakka godt norsk. Ho skulle vera gaid for oss i gamlebyen. Vi starta frå hovudporten der alle framande i gamle dagar måtte passere for å koma inn i byen. Kai orienterte levande om korleis dei fine bygningane fungerte i tidlegare tider. Orienteringa og det vi såg, sette fantasien i sving om korleis folket her hadde levd under ulike tidbolkar og framande herredøme. Gamlebyen i Tallinn er eit minnesmerke over Hansaens blomstringstid og står på Unescos liste over verdensarven. Nær Rådhusplassen blei vi vitne til brann i tårnet på Pühavaimu kirik (Den heilage ånds kyrkje) frå tidleg 1200-tal. Det var eit trist syn, kyrkjeklokka, støypt i 1433, fall ned og gikk sund.

Etter oppladning på ein av dei mange fortauskaféane var det besøk på brukskunstmuseet og apoteket på Rådhusplassen – det eldste i Nord-Europa. Gamle Tallinn er eit eldorado med alle typar kunsthandverk av høg klasse. Estarane held oppe gamle handverksteknikkar, dei er glade i fargar, flinke i fargeval. Husflidskjennarar fann mange godbitar: linvarer, dukar og handkle, hekling, kniplingar og nupereller, broderte dukar, sjal, bokomslag, brillehus i friske blomsterfargar; strikka jakker, vottar, sokkar og sjal i kunststrikk og mønsterstikk; kunstglas, keramikk og lærvare; smijarnkunst, skilt, lysesestakar; korger, fat og boksar i never, granrøter og pil; flotte bruksting i einer; sølvsmykke med rav, halsband, armband, ringar.

Neste dag drog vi vidare til Tartu, universitets- og museumsbyen. Svenskekongen Gustav II Adolf grunnla universitetet i 1632. I andre halvdel av 1800-talet var Tartu midtpunkt for den estiske nasjonalrørsla. I dag er Tartu eit senter for kultur, vitskap, utdanning og økonomi. Her er det bortimot 20 museum. Zoologisk museum, grunnlagt alt 1822, har ei av dei største samlingane i Baltikum med over 300 000 utstillingsobjekt. Estlands eldste teater, Vanemuine, blei grunnlagt i Tartu 1870. Den første songfestivalen fann stad her i Tartu 1869.

Reisemålet vårt i Tartu var Nasjonalmuseet. Her fekk vi innsyn i estisk levesett i gamle dagar. Mange ting kjende vi att frå musea i Norge og fikk ei kjensle av fellesskap, men å skildre mangfaldet, kvaliteten og variasjonen i dei estiske folkedraktene, er vanskeleg. Fargeval og mønster i vev, strikking og sydde plagg viste høg kunstnerisk standard. Alt arbeid var utført med største fingerferdigheit og sikker kvalitetssans. Utstillinga omfatta drakter frå heile landet. Det er eit fantastisk museum for husflidsinteresserte.

Seinare på dagen rasta vi ved Rådhusplassen, ved ”det skeive huset” nær universitetet. Nokre av oss trefte kunstnaren Ain Ilves. Vi fekk sjå atelieret og miniutgåver av dyreskulpturane som no i full storleik er på plass i ein park på Otta. Ilves viste oss også ei fin samling gamle russiske ikonar som blei utstilt i Tartu akkurat da.

På ettermiddagen losa tolk og gaid Sigre Andreson (som studerer nordisk ved Tartu Universitet) oss mot Otepää. Også her fann vi fine husflidsutsal og antikkhandel. Landskapet her er kupert, vakkert naturlandskap med mellom anna vatnet Puhjajärv. Her ligg Estlands skisenter. For oss telemarkingar var det flott å bli vist om på skimuseet. I Otepää vart flagget i blått-svart-kvitt innvigd av studentar, for seinare å bli Estlands nasjonalflagg.

Neste dag losa Sigre oss til søraustre del av Estland, til Setumaa og Värska museum. Her møtte vi syngjande og dansande setukvinner i flotte, fargeglade folkedrakter. Til drakta høyrer store søljer og kjeder som er knytta til faste ritual ved fødsel, bryllaup og død. Desse sterke kulturmenneska var det interessant å bli kjende med.

Setumaa-folket høyrde til den ortodokse kyrkja, og dei talar ein dialekt som er svært ulik annan estisk. Dei kom liksom til å bu mellom to kulturar – den estiske og den russiske. Dei følte seg tryggast i eigne gamle tradisjonar og blei konservative, dei såg med mistru på alle nye og framande ting. Folkedraktene heldt seg lenge i dagleg bruk. Det er viktig for dei å lære nye generasjonar å halde på arven frå forfedrane. Religion, natur, kultur og handverkstradisjonar har stor plass i deira liv den dag i dag. Tilverknad av kvinnedrakter, spesielle handvevde stoff som skjortestoff i lin med ullinnslag i armer, oftast i mørk raudt, ulike band i gamle teknikkar. Hekla blonder, setuspets i glade fargar, sauma band  av garn og palettar, tørkle til å ha på hovudet. Sølvbrosjer og søljer som kan vege opp til 5 kg, og sølvkjeder pynta med kors og gamle myntar, ofte russiske tsarmyntar. Mannsdraktas fine handvovne linskjorte, sauma skinnsko, naturfarga med vevde band. Vest og nikkers vevd i ullstoff. Til mannsdrakta høyrde strikka sokkar i tynt ullgarn, ofte i kvitt, gult og raudt mønster. Til begge draktene bruka dei sydde skinnsko.

I Setumaa har kvinnene høg posisjon i samfunnet, museumsdirektøren var også kvinne. Ho synte oss rundt i det tømra stogehuset. Her var plass til unge og gamle under samme tak. Ikonen var sentralt plassert i det mest synlege hjørnet. Vi fekk studere to av dei viktige tekstiltinga i heimen – ein løper vevd av naturfarga lin med innslag av symbolske mønster i raudfarga ull; og eit vakkert linhandkle med hekla bord i setumønster. Det var til pryd i stoga slik vi har nytta pyntehandkle. Setufolket er jorddyrkarar, særleg dyktige til å dyrke lin og lauk. Vi fekk servert tradisjonsmat, suppe av byggryn og erter, heimebaka surdeigsbrød med heimelaga ost og røykt sideflesk. Leire og sand finst her i store mengder, og det er mykje fin keramikk. I Piusa besøkte vi ein ung pottemakar som dreia bruksting og prydting på gamlemåten.

Etter nokre dagar i Latvia vende vi tilbake til Estland og overnatta i Pärnu, fjerde største byen, grunnlagt på 1200-talet på grunn av gode hamner. Her er også mange fine, oppussa hus, bygde frå 1600- til 1800-talet. Mange av inngangsdørene var spesielt vakre. Pärnu har flotte parkar, mange kurbad og fine badestrender.

Siste dagen besøkte vi Heimtali museum like utanfor Viljandi. Det er ein gamal skule bygd i stein, som no er kultursentrum under leiing av professor og biletvevar Anu Raud. Her var samla førsteklasses tekstilkunst – ein kniplingduk vi knapt gløymer – broderi, vevde belte, teppe. Der var det ei utstilling av gamle og nye vottar og vantar frå heile Estland i mønster og kunststrikk i tynt, fast ullgarn, utruleg fine mønster og fargeval. I andre etasje fann vi ei utstilling av strikka leikedyr i friske fargar. Vi fikk også besøke heimen til Anu Raud. Ho var oppteken med eksamen for ein av elevane sine, men mora tok gjestfritt imot oss. Vi såg arbeidsrommet og mange av dei tidlegare arbeida til Anu.

Etterpå drog vi til Viljandi, til utsikten ved slottsruinane og Johanneskyrkja med Anu Rauds teppe. Himmelstigen ved det vesle alteret inne i kyrkja sit ennå i minnet; det er for meg eit fantastisk kunstverk. I det vesle utsalet av Anu Rauds teppe og utval av strikka ting kjøpte mange med seg dei siste ferieminna, eller kanskje det skulle bli julepresangar.

Reisa heim til Noreg gikk frå hamna Paldiski 5 mil vest for Tallinn. Den russiske tsaren Peter I grunnla ei festning i 1718 og gjorde Paldiski til krigshamn. Molotov–Ribbentropp-pakten forandra Paldiski til sovjetisk marinebase i 1939, og innbyggjarane måtte evakuera området i mai 1940. Så kom tyskarane i 1941, og då dei drog seg ut i 1944 brende dei byen etter seg. Sovjetarane gjorde på nytt Paldiski til militært område, og russarane beit seg fast der ei god stund etter at Estland var blitt sjølvstendig igjen. I dag blir byen bygd opp att som transithamn og turistmål.

Ferieminna varmar i januarkulda. Tankane går attende til det fagre Estland. Sjølv om estarane har levd ufrie og lidd mykje, har dei tatt vare på kulturen.

Den norske lyrikkaren Jan Magnus Bruheim har skrive eit dikt om skapande hender som eg vil knytte til ferieminna frå Estland 2002:

Skapande hender

Kvinner sit og onnar
Med bunding og vev og saum.
Onnar med hug og hender
Og skaper liv av draum.

Lokkar fram strå og blomar,
Fuglar og dyr i skog.
Kallar fram sol og stjernor
Skapar med hand og hug.

Det gneistar frå glødde jarnet
Som syng i sin skapingsstund,
Der mannen hamrar og formar
og vekkjer eit liv or blund.

Farge og form og linor
Gløymde i jarn og tre,
Ventar i togn og stille
Til skapingsgneisten slår ned.

Og det er ei visse i vanmod,
Ei trøyst i dei tyngste stunder:
Alt medan hender kan forme
Skal menneska ikkje gå under.