Estlands-nytt

Estlands-nytt

Allment tidsskrift for estlandsinteresserte
utgitt av Norsk-estisk forening


Historie

Den første vennskapsorganisasjonen for Estland i Noreg heitte Norsk-estisk kulturlag og vart skipa i 1984. Etter nokre relativt stille år fekk den kring 1990 ein stor auke i
medlemstalet. På den tida gjekk det òg føre seg store endringar i estisk statsforfatning og samfunnsliv. Kulturlaget byrja då i 1991 å gje ut eit informasjons- og meldingsblad
for å halda betre kontakt med medlemmene. Det fekk namnet Norsk-estisk kulturnytt (ISSN 0803-5555) og var generelt ei rik informasjonskjelde for estlandsinteresserte i
Noreg, så opplaget steig fort til 1200.
Då lagsstyret hausten 1993 uventa vedtok å stansa bladutgivinga, oppstod det eit tomrom i informasjonsformidlinga om Estland på norsk, som det ikkje fanst noka
fullgod erstatning for. Det vart derfor helsa velkome då eit nytt tidsskrift såg dagens lys i 1996.
I mellomtida hadde vennskapsorganisasjonen gjennomgått kriser og namneskifte og vorte til Norsk-estisk forening. Også tidsskriftet fekk nytt namn – Estlands-nytt
(ISSN 0808-2855). Det første nummeret på 16 små sider var reprodusert med svært enkle metodar. Etter kvart vart det fleire som skreiv, sidetalet auka, og tidsskriftet vart
òg meir påkosta når det galdt utstyret.
Dei innleidande åra vart tidsskriftet trykt i Noreg. Så i 2002 vart trykking og utsending overført til eit trykkeri Estland som også kunne ta seg av ombrekkinga. Opplagstalet var ganske høgt til å byrja med, men etter nokre år stabiliserte det seg på 400 eksemplar.
Sidan 2018 har det ikkje kome ut nye nummer av Estlands-nytt. Det blir arbeidd med ein elektronisk arvtakar.

Utvalgte artikler fra Estlands-nytt


Estlands-nytt 1-2, 2007:
Lotte – estisk barnefilmfigur blir varemerke
Lotte på publikumstoppen

Estlands-nytt: nr. 5 2003, nr. 1 og 3 2004, nr. 4 2005 og nr. 3 2006:
Flaggdagar, av Jorunn Vestli

Estlands-nytt 4, oktober 2005:
Intervju med ambassadør Per Kristian Pedersen, av Turid Auestad Farbregd

Estlands-nytt 4, oktober 2005:
«Ordboka er igjen å få», av Jorunn Vestli

Estlands-nytt 3-4, 2004:
«Ramona«, av Jostein Langmyr

Estlands-nytt 1, februar 2004:
«40 år siden Kekkonens besøk i Estland», av Jostein Langmyr

Estlands-nytt 1-2, januar 2003:
«Nato og EU åpner for Baltikum«, av Jostein Langmyr

Estlands-nytt 1-2, januar 2003:
«Julefeiring og juleskikkar», av Kristian Bergøy

Estlands-nytt 1-2, januar 2003:
«Husflid: Telemark Husflidlag i Estland», av Kari Moen

Estlands-nytt 1, februar 2001:
«Kurs i estisk. Samtale med Turid Farbregd om Lærebok i estisk og kurs i estisk«, av Jorunn Vestli

Estlands-nytt 1, februar 2000:
«Estisk sangfestival i samklang og disharmoni
«, av Kari Helene Partapuoli

Estlands-nytt 3/4, september 1999:
«Baltisk forretningsmentalitet«, av Kari Helene Partapuoli

Estlands-nytt 2, april 1999:
«Vill vest i øst. 10 år med myteskaping», av Kari Helene Partapuoli

Estlands-nytt 1–3, 1998. Avsluttet 07.09.1998:
«Estlands historie«, av Jostein Langmyr

Estlands-nytt 1, 1998:
«Ikke noen kjedelig tid vi lever i!» Med Terje Baalsrud i sofakroken», av Turid Farbregd