Artikler

Estisk utlendingspass – det luraste du kan ha?

 

Av Øyvind Rangøy. Artikkelen stod på trykk i  Estlandsnytt nr 3., 2008.

Ved utgangen av 2007 var det i Estland framleis 116 248 personar utan statsborgarskap. Fem år tidlegare var det tilsvarande talet 172 325, så naturaliseringsprosessen går sin gang. No er det slett ikkje alle som vel estisk statsborgarskap, mange vil heller bli russiske statsborgarar – men utan å ha noko ønske om å flytte til Russland. Av dei som ikkje er etniske estarar er det no i underkant av 150 000 som har fått estisk statsborgarskap, og om lag like mange som har teke russisk statsborgerskap. Men i alle fall har dei fleste vore samde om at det ikkje er ønskeleg eller haldbart å ha ei stor gruppe av statslause buande i landet.

Det har figurert mykje desinformasjon om dei statsborgarskapslause. Nokre kjelder har framstilt dei nærast som rettslause, men i det daglege er det temmeleg liten skilnad på rettane til ein statslaus og ein estisk statsborgar. Dei som ikkje har statsborgarskap har eit utlendingspass – i Estland best kjent som grått pass. Dei fleste sosiale rettane er uansett knytt til pensjons- og trygdesystemet og har ikkje noko med statsborgarskap å gjere. Innanlands har det i praksis ikkje vore anna som har skilt dei frå estiske statsborgarar enn manglande røysterett ved parlamentsval – og fritak frå verneplikt. Ein viktig praktisk skilnad har likevel vore at dei med grått pass ikkje har hatt det like enkelt med utanlandsreiser som estiske statsborgarar.

Inntil for eit part år sidan måtte dei som ikkje hadde valt statsborgarskap nøye seg med å reise visumfritt innanfor dei tre baltiske statane, medan andre land kravde visumsøknad.

Men korleis kunne ei slik ordning i praksis fungere når Estland i likskap med andre EU-land var på veg inn i det passfrie Schengen-området? Det er nesten umogleg å sjå for seg at ein kan avskaffe passkontrollen mellom Schengen-landa, men samtidig krevje særleg visum for at ein ikkje liten del av innbyggjarane skal kunne reise mellom dei same landa. Dermed vart den einaste praktisk moglege løysinga òg den som kan verke mest human. I 2007 fekk dei statslause høve til å reise fritt som turistar innanfor heile Schengen-området, Noreg medrekna. Arbeids- og opphaldsløyve i andre EU-land må dei derimot søkje på linje med personar frå tredjeland.

Men dei fleste statslause er jo etniske russarar eller russiskspråklege, og medan Schengen gav dei ein ny reisefridom, måtte dei framleis – for så vidt på linje med estarar og nordmenn – søkje om visum for å reise til Russland. Og det må jo vere forferdeleg trist, syntest lyse hovud i Moskva. Det einaste humane må vel vere at dei som har russisk som morsmål må få kome visumfritt til Russland? Slik tenkte i alle fall formann i utanrikskomiteen i statsdumaen, Konstantin Kossatsjov, som tidlegare har markert seg med krasse utspel mot Estland. Han var ein av dei som i februar la fram proposisjonen om å fjerne kravet om visum for personar utan statsborgarskap busett i Baltikum. Utanriksminister Sergei Lavrov var i utgangspunktet positiv, men ville drøfte saka med russarane i Estland og Latvia. Og talsmenn for Estlands-russarane var i grunnen ikkje særleg opprømde over ideen. Verken Vladimir Lebedev, som representerer dei russiske statsborgarane i Estland, eller Andrei Zarenkov, estisk utsending til forbundet av "russiske landsmenn" i utlandet, var glade for ideen, som dei meinte berre vil vere med på å sementere den uønskte situasjonen med ei stor gruppe utan statsborgarskap.

Likevel vart framlegget både vedteke i statsdumaen og ratifisert av den russiske presidenten, og lova trådde i kraft 25. juni i år. Resultatet er ironisk nok at dei grå passa dermed blir temmeleg gunstige. Bur du i Estland med eit slikt pass, er du altså friteken for lojalitet og verneplikt til noko land, samstundes som du fritt kan reise både i heile Schengen-området og i Russland. Kva er då motivasjonen for å bestemme seg for kven ein vil vere og levere ein søknad? Dette er bakgrunnen for ei kritisk haldning til det nye russiske trekket frå estisk hald, til dømes frå utanriksminister Urmas Paet. Han peiker på at Russland fleire gonger har kritisert Estland fordi naturaliseringsprossessen har gått for sakte, medan dei no gjer eit vedtak som bidreg til at den same prosessen går endå saktare. Ikkje minst fører dette til at det blir ei praktisk ulempe å vere estisk statsborgar. Dermed kan det vere nærliggjande for fleire å søkje russisk statsborgarskap i staden. Og det skal vi sant å seie ikkje ta for gitt at Kreml har noko imot.