Estlands-nytt Generell informasjon

Estlandsnytt nummer 1 2015: invitasjon til å bidra

Tidsskriftet Estlands-nytt har ambisjonar om å kome med eit nytt nummer i juni. Redaksjonen ønskjer bidrag til det nye nummeret hjarteleg velkomne.

Vi er interesserte i stoff om alt som har å gjere med Estland sett frå Noreg og kontaktar mellom Noreg og Estland: kultur, næringsliv, politikk, musikk, film og alt anna som passar i eit «Allment tidsskrift for Estlands-interesserte».

Vi oppfordrar difor alle interesserte til å sende sine ferdige utkast til bidrag seinaste innan 1. mai. Det er også flott om du melder di interesse og din idé med ein gong før du  sender sjølve stoffet, så vi veit at det kjem og kan koordinere det dersom fleire ønskjer å skrive om det same.

Bidraget kan du sende til ei av e-post-adressene til redaksjonsmedlemmene som står i bladet, eller til fellesadressa estlandsnytt@norsk-estisk.org.

Tusen takk!

Redaksjonen